1. mars 2009

Tønnessen og M2-arbeid..

Tønnessenoppgåva mi finn du visst her :)
Her er ein videosnutt delvis rundt same tema (verdt ein titt? :))

Gruppe rød hatt ein aktiv vinterferie med godt og konstruktivt samarbeid på nettet. M2 er vi så langt godt nøgde med. Elena tok tidleg ansvaret for å (på ein flott måte) konvertere det felles Mindomo-kartet og skrive det om til del 1, då ho hadde behov for å konsentrere seg om andre skuleting også. Sjølv om vi andre meir eller mindre har delt på ansvaret for del 2, 3 og vedlegga, så har Elena vore med på nettmøta. Fokuset mitt har mest vore på alle planane, evalueringsskjemaet/ presentasjonen, laga og publiserte video på youtube;), men har også ordna slik at alle skjemaene/vedlegga fekk same layout(måtte gjerast oppatt, fordi open office nekta å samarbeide med GD, eller omvendt!!!!), samt lese korrektur..
Oppgåva er flott, men det er så absolutt lurt å la ho mogne litt til før levering!!

Ei ny skuleveke står atter for døra, og ei trevekersperiode med katleggingsprøver i no/ma/eng, samt tentamen/-retting og kontaktmøteførebuing/-gjennomføring er i vente. Vonar det let seg kombinere med studier, slik at eg ikkje må til med venstrehandsarbeid....tida vil vise. Tilbakemeldinga på M1 gav meg hint om pittelitt ekstaarbeid, men det får vente til i morgon...
Her er ein lenkje til øvingsoppgåva i Picasa3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar