22. mars 2009

Oppgåve 1 b), Informasjonskompetanse 1

Ta utgangspunkt i dine egne erfaringer som lærer.

I slutten på januar, etter ei rask gj.gåing av fagstoffet om verdsdelane i Midgard, starta 7. trinn på oppgåva med å (2 og 2) lage sine aller første Impress-presentasjonar (ca. 10 bilete) om ein valt verdsdel. Dei fekk ei smørbrødliste med obligatoriske moment:
Levevis, naturtilhøve/klima, busetnad, ressursar og presentasjon av eitt land (evt. stat) i verdsdelen (kart/flagg m.m.). Eg presiserte at dei skulle kladde lysbileta (skrive faktasetningane utfrå boka (Midgard) i skrivebøkene sine, før dei fekk sleppe til på datarommet, og dermed unngå å rote seg ut i www-verda på dette stadiet.
Heilt sidan eg overtok klassa i engelsk og samfunnsfag i haust, har eg "kursa" dei i og prøvd ut mykje av det vi har lært på DKL: Opphavsklarert materiale , referanselister og forklart at Googlesøk viser alt alle har lagt ut, og vist til smartare søk som kan avgrense resultata. Eg har også presisert at Google, som er ein søkjemotor, ikkje kan nyttast som kjelde, og at dei kunne gjere søk gjennom CC-search sjå etter kva lisens det dei vil bruke har og t.d. bruke bilete på Flikr osv.
Eg har prøvd å stille spørsmål for å få dei til å tenkje på kvifor det er viktig å kunne dette med å ta slike omsyn. Kan vi ta ting berre fordi folk ikkje ser at vi gjer det? Er det annleis å stele musikk på nettet enn det er å gå i butikken å ta ein CD? Går vi til fotografen og stel eit bilete der, berre fordi vi likar det? Kvifor gjer vi det ikkje? Og kvifor gjer vi det på nettet?
Korleis gjekk det med opphavet? Jau, slik det plar gjere når ein skal lære noko nytt og uvant... Mange hadde gløymt det (sjølv etter fleire påminningar) og prøvde å leite oppatt kjeldene (som dei ikkje fann ), og enda med å skrive på siste lysbiletet: Bileta er henta frå Google...
Men heldigvis, dei fleste tok poenget ganske fort og gjorde seg grundig flid med å ha ryggen klar! Det var første gongen og difor gjekk eg godt for mykje som ikkje hadde tålt dagens lys på t.d. WikiSpaces...
Kvar gjekk dei så for å finne informasjon? Det minst interessante hjå mange, gjerne dei med skrivevegring, var Midgard. Dei ville "Google"/"Wikipediere" og klippe og lime, og gjorde det også til dels. Slik enda vi likevel opp med nokre presentasjonar med mykje bokmålstekst og lite relatert innhald - t.d. ein del plagiat frå ulike reisekatalogar til varme stròk..
Det dei trengde på nettet, var kanskje flagg, kart, bilete og oppdaterte opplysningar om statsoverhovud, folketal m.m. Kvar dei enda opp? Jau, WIKIPEDIA , så klart!! Hadde Store Norske leksikon vorte lansert i januar (fullt påliteleg??), hadde elevane fått inn eit anna alternativ.

Andre ville legge til musikk i Impress-presentasjonane sine. Dei tenkte Limewire med ein gong... Eg fortalde igjen om lisensar og om Multimediabyrån og CC-Mixter (I mange av desse timane var der anten ein ekstra lærar (pga. ein framandspråkleg elev) eller ein assistent. Eit tankekors at dette tydelegvis var dels ukjent også for dei).
Nokre av elevane ville lytte til musikk medan dei jobba, og YouTube var oppe og gjekk sjølv om eg ikkje gav grønt lys til det (Netoplærar (overvakingsfunksjonen) på hovudmaskina røpa dette).

I hvilken grad er du enig med forskningen når det gjelder elevenes informasjonskompetanse?

Elevar må undervisast i, eller bør tileigne seg informasjonskompetanse. Dei vil gjerne gjere det som er rett og lovleg, sile det gode og korrekte frå det inkorrekte, men dei treng kyndige guidar.
Sanna Trygg seier i eksamensoppgåva si i journalistikk (2008) at det er eit demokratisk problem viss vi ikkje lærer barn og unge å handtere dette [nye] mediebildet. Ho seier at "en bør satse på mediekritikk allerede i barneskolen". Jan-Arve Overland seier vidare i sjølve leksjonen:
Hun viser til at sosiale nettsteder som YouTube, Google og Wikipedia brukes av elever langt nede på barnetrinnet. Derfor er det viktig at de tidlig lærer seg hvilke medier som sier hva til hvilken tid og hvorfor. [...] Internett er elevenes viktigste nyhetsmedium. Spørsmålet er da hvordan vi [lærarane] skal kunne gi elevene denne mediekritiske kompetansen.
Lite tenkjer kanskje elevane over at kva som helst kan vere publisert av kven som helst på Internett. I'm all ears også i leksjon 3, for eg treng sjølv vere trygg for å best mogleg kunne rettleie elevane. Dei må kunne ferdast på ein realistisk og sunn måte på nettet, det er sikkert!

Litteratur:
Overland, J-A, Informasjonskompetanse, leksjon 2, DKL 102, 2009.
Trygg, S. (2008) Den digitala skuggan -En studie om mediekritik och unga mediekonsumenter i ett digitalt nyhetslandskap (eksamensarbeid) Høgskolen i Kalmar

1 kommentar:

  1. Her var det mye å kjenne seg igjen i og mange nyttige tips å plukke opp for ein lærar på 6.-7. trinn:-)

    SvarSlett