(Bilete av Jeanette Tranberg)
Eg har brukarkonto på det meste utanom MySpace, Ning og Linkedin. Eg brukar Mindomo, men ikkje Freemind. Google notatbok og Del.icio.us har eg også, men ikkje Blogroll. Eg har ikkje laga Podkast, men har produsert lyd i Audacity.Bruken min må delast i tre: Privat, i jobb- og studiesamanheng.
Privat brukar eg Skype og MSN dagleg i kontakta med folket mitt - mest i Bergen/London/Karibia (Facebook vert meir som ein "treat" før eg sløkkjer dataen om kvelden). YouTube er oftast i bruk under middagsproduksjonen (nye/gamle slagerar). Kjekt når ungane får sansen for musikk ein sjølv lytta til på 80-/90-talet.
Eg har dei fleste bileta våre liggande på ekstern harddisk, men har etter kvart litt på nett i Eurofoto (som no skal ha pengar eller kjøp som takk for lagringsplassen) og Picasa. Har laga meg brukarkonto i Flikr , men ikkje kome så langt at eg har lasta opp. Der ligg forøvrig utruleg mykje fint, som ein berre kan låne;)!!
I jobben min brukar eg GoogleDocs (og PedIt). Det er mest praktisk. Forrige veke hadde rektor litt tid til meg!! Då nytta eg høvet til å fortelje endå meir om GoogleDocs, samt laste ned og setje igang Picasa 3 på jobbmaskina hans. Han var i starten skeptisk, men kom etter eit par dagar og gav meg ein klem, så kjempefornøgd med nye verktøy!). No vil kollegaer at eg skal halde "kurs" også. Då er vi igang! Eg gav han tilgjenge til alle mappeoppgåvene mine så langt, i håp om at han vil lese om desse Web 2.0- verktøya vi har lært på DKL. Dermed vil han sjå kva krav det er til skulen, gjennom den 5. ferdigheita (m.t.p. oppdateringar/utstyrsfornying/kompetanseheving (ei einsleg svale gjer ingen sommar).
I studiet brukar eg nær sagt alle kategoriane.
Eg synest at blogginnlegg som er korte og informative, lettare kaprar og held på interessa mi . Dersom eg skal skrive ei heil avhandling om bruksområda i skulen her, vert det for langt og kjedeleg. Eg vil berre gi eitt døme i kvar kategori:
- Picasa (webalbum): Samarbeid om biletoppgåver, produksjon av filmar m/lydspor/fotomontasjar, t.d. (b)logg(innlegg) frå uteskulen
- GoogleDocs : samskriving/redigering i fellesdokument(tekst/rekneark/presentasjon/skjema) i sanntid (skule/heime). Det kan m.a. vere eit referat/samandrag/føredrag/data i rekneark/skjema).
- MSN : Deling av filer, samarbeid om lekser med IM/tlf
- Mindomo : Samarbeid i tankekart, t.d. idèmyldringsfasen til ei skriftleg innlevering(legge inn t.d. notatar, lenkjer, bilete).
- Delicious : "..påloggende brukere kan lagre, dele og utforske andre brukeres bokmerker til nettsider" (Wikipedia). Samarbeidstanken gjeld også her..
- YouTube : Ein finn det meste her, men det kan vere å sjå ein snutt i lekse og reflektere over det i bloggen (som kanskje burde vore med i tankekartet ovanfor), eller at elevar sitt gode og opphavsklarerte arbeid på skulen til slutt kan leggast ut og delast med andre på YouTube.
- RSS har eg nytta meg av sidan eg oppretta denne bloggen og nettsida mi. Det er sjølvsagt smart og tidsparande å lære elevane korleis motta informasjon om eit emne i stadenfor å søkje rundt på ulike sider.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar