24. feb. 2009

Google Chrome/Google Gears

Er alltd innom Roteloftet og kikar når eg har fått feed derifrå. Kjell skriv m.a. om hikke m.m. i GoogleDocs som kan løysast med å laste ned GoogleChrome/GoogleGears.
No får vi sjå om desse fungere like godt for meg som Firefox har gjort.
Lurer forresten på kor det skal gå med Fireuploader, Delicious og Google
Notebook no??
Kvar finn eg att desse skal tru? Viss ikkje eg får dei med på lasset, vil eg ikkje vere med..(
Elles held eg på med Tønnesen -blogginnlegget. Det kjem neste gong ;)

23. feb. 2009

Ord og tankar

Laga dette i Wordle medan tankane sviv rundt M2. Trykk på biletet og sjå om du kjenner att orda? :)
Wordle: M2
Enn om nokon av elevane mine vart inspirerte til å lage noko slikt
av dikta, loggane, glosene sine, eller kanskje øveorda i norsk??
Uansett eit kjekt verktøy.


20. feb. 2009

Nytt skypemøte, gruppe rød

I gårkveld avvikla vi vårt andre møte vedr. M2. Sjølv om ikkje alle gruppemedlemmene møtte, har vi som deltok fått fordelt noko av arbeidet mellom oss, og med feriering m.m. neste veke vert det litt opptil kvar enkelt å yte sin skjerv. Vi må få til eit møte til, i eller rett etter ferien, det er sikkert.
I dag har eg berre fått gjort nokre småting p.g.a. vinterballet for 7.klassingane på skulen. Men i morgon, i morgon...

17. feb. 2009

Mindomo

Dersom der er ting i Mindomo du ikkje har funne ut, kan denne innføringa kanskje vere noko. Eg anbefalar å hoppe over lyd + dei 10 første sidene ;)

16. feb. 2009

Oppg. 4, Tønnessens bok (barneminne)

Eg vaks opp i beste Barnetimen for dei minste -tid, men vi produserte våre eigne høyrespel, også vi - på lydband. Far skapte dei første lydbøkene eg veit om: Når han sat med oss på fanget og las Vangsgutane, Heidi, Robinson Crusoe, Skatten på sjørøvarøya m.m., gjorde han opptak samstundes. Ved leggetid vart vi stappa trygt ned i sengane våre, og reprisene kunne sendast frå arbeidsrommet ut til høgtalarane våre. Når tida var ute, braut dei inn i
"sendinga" og sa Godnatt for siste gong. Desse lydbanda lever i beste velgånde.

Far var også tidleg ute med å kjøpe smalfilmkamera. Slik film var kostbar, så snuttane dreia seg
stort sett rundt høgtider, feriar og fødselsdagar., men dog :) Slik har det seg at ein 43 år gammal IKT-student faktisk har dåpen og resten av oppveksten sin på levande (stum)film-dvd
(konvertert frå S-8) - heilt inn i den digitale tidsalderen.

Men tilbake til skikkeleg gamle dagar, og den dagen vi fekk oss fjernsynsapparat. Underets tid! (Bilete frå www.bradschwede.com/images).
På dagtid oppheldt dette mystiske seg i eit
brunt teakskap på fire tynne bein, bak lås og slå. Kvar ettermiddag litt før klokka seks, ropte mor ut i leiken til oss: - No er det Barnefjernsyn, vil de sjå? Eg og storebroren min konkurrerte om å bli fyrstemann inn og sessa oss kjapt framfor apparatet med stor forventning, medan mor drog sjalusidørene til sides. Klart vi ville sjå dei tilmålte 20 minutta med "Du og jeg og vi to", "Pompel og Pilt" og "Lekestue" m.m. !!
Hugsar godt "På med pilen Palle" med han dansken og "Kvitt eller Dobbelt" med Knut Bjørnsen. Hugsar også godt då fjernsynet vart flytta ned i kjellaren, og at mamma/pappa (kvar sin gong) skulle sjå vaksneprogram av typen"Detektimen". Dagen etter fekk eg episoden så godt overlevert munnleg, at gjorde meg i stand til å delta i diskusjonane på skulen mandagen.

Sjølv om yngstemann berre var 5 år yngre enn meg, var hans TV-barndom ein heilt annan og meir innhaldsrik enn min. Men ungdomsprogramma "
Halvsju" m/ "Brødrene Dal" og "Pelle Parafins Bøljeband" m.m. traff oss heime alle tre! Det var den gongen vi samla på:
(Biletet er henat frå Wikimedia Commons)

Eg hugsar også godt då vi fekk eigen telefon i 1974, og slapp låne nabodama sin (som lytta ved dørene). Nummer 55! Eg kjende att sentralbord-Dortha og -Kirsten på stemmene. Svært var det også då vi fekk vår første grå dreieskivetelefon...
På ungdomsskulen ville eg ha motorlære til valfag, det var det berre nokre av gutane som fekk. Eg enda opp med matematikk og musikk (kanskje like lurt med tanke på seinare yrkesval?). På vidaregåande (83-85) fekk eg mitt første møte med data (erindrar eit enormt apparat som skulle matast med 1 og 0 i ulike sifferkombinasjonar, der ein etter timars "programmering" fekk ut resultatet: Ein liten lapp med namet sitt på).
På lærarskulen
takka finkrifta mi for seg. Time etter time, side opp og side ned, med notatar, framlengs og baklengs (og speilvendt - mi form for drodling/strikking ligg ikkje for meg..).
Nokre av oppgåvene siste året førte eg inn på far si velbrukte skrivemaskin. Tenk om eg den gongen hadde hatt pc??

Siste året på Lærarskulen (som vart høg medan eg gjekk der) hadde eg Lotsberg i data, som del av 1/2årseining i matematikk. Han peika og forklarte og vi prøvde å forstå. Når vi masa for mykje, skrudde han berre av høyreapparatet sitt. Genialt!! Men kva lærte eg, og kva nytte hadde eg av det ute i skulekvardagen? Vi får sjå...

"Ferdig (ny) utdanna, kom eg i 1992 "ut", og under min rektorfar Arnljot, forøvrig ein trugen Mac-entusiast, hadde vi datakurs etter "stengetid". Innleigde Tikiguruar peika og forklarte, lærte oss dokumentoppretting, lagring og tabellar m.m. Ikkje alle kollegaene mine såg poenget med desse pålagde ekstratimane på jobb, men etterkvart vart vekeplanar laga på datamaskina, og eg oppdaga nytten av å sleppe å finne opp krutet kvar gong.
Resten veit vi...den teknologiske utviklinga og økonomien har gjort sitt til at nesten alle dagens barn og unge er i/har tilgang til ei verd mange vaksne (inkl. mange lærarar og føresette) ikkje klarer å henge med i - kommunikasjonssamfunnet.

I dag møter/bruker vi altså IKT dagleg og stort sett overalt: I skulesamanheng, til underhaldning, i sosial samhandling, i fritida. Ei tekst eller eit fotografi (t.d.) er ikkje lenger det det var. Kan papirversjonar måle seg med samansette tekstar som fargar innhaldet? Harry Potter og Ringenes Herre er ikkje best på nett, men diskusjonen/meiningane våre kan raskt og effektivt kome til uttrykk nettopp her.
Vi deler, lånar, bearbeider og lagar nytt. Læringsbehovet, krav og forventningar til skule- og yrkesliv
er endra. Web 1.0, Web 2.0 (og Web 3.0 ) . Aktivitet blir interaktivitet, og som på alle andre område finn vi også her kjønnsskilnader.

Dersom skulen ynskjer å bidra til læringsprosessar som kan bli både kreative og kritiske, må lærarane i langt større grad enn no ta elevane sine interesser og nysgjerrigheit [innan IKT] på alvor, hevdar Else Seip Tønnessen (Generasjon.com, 2007: 160). Tønnessen sine forskingstal (ifrå 2006) viser at bruken av pc i heimane har auka frå 21% til 69%, medan auken i bruk av pc i den norske skulen berre har auka frå 8% til 18%. Både jenter og gutar utforskar Internett og "underviser" kvarandre dagleg gjennom spel og ulike sosiale webarenaer. Desse multitaskarane er det vi i skulen skal "undervise". Kommunane har eit ansvar for at einskildskulen kan halde seg oppdaterte, både teknologisk og kompetansemessig. Det som er nytt i dag er yesterdays news over natta. Vi har ikkje "råd" til å late vere å henge med i svingane.

Forsking viser at Internett blir brukt av barn også til læring, men at dette i størst grad skjer utanfor klasserommet. Det er eit tankekors! Heldigvis er det Sesamgenerasjonen som blir morgondagens lærarar. Vi får setje vår lit til at dei klarer å oppdatere den norske skulen digitalt. Dei kan klare å lose elevane inn i framtida og dei krava til digital kompetanse som ventar dei ute i yrkeslivet. I mellomtida får eg vere einsam ulv her oppe på Borga, med mine 15- 30 studiepoeng i faget og hovudet fullt av idèar og lærdom eg nesten ikkje får sett ut i livet, fordi rammefaktorar og ressursar effektivt set ein stoppar for det..

Skypemøte gruppe rød

Vi hatt Skypemøte i gruppe rød i kveld frå 19.00 til 20.30. Vi har diskutert oppgåveteksta og kome fram til korleis vi kan løyse oppgåva, avgrensa, diskutert klassetrinn og fagområde. Gruppeleiar skreiv idèar og kompetansemål i det påbegynte Mindomokartet vårt, etterkvart som vi diskuterte. No skal det vi har snakka om mognast til neste møte (onsdag kl 17.30).
Nyeleksjonen skal eg lese skikkeleg i morgon :) ....gjesp!

15. feb. 2009

M2-ting

I dag har eg lest pensum m.t.p. M2, m.a. denne. Lånte litt om pedagogisk tanke bak blogg til tankekartet vårt. This one on the contrary was a bit heavy for me at the present moment.
Etter at smågjestane reiste, gjorde eg meg fort ferdig med jobbførebuing, slik at eg fekk laste opp og rydde vidare i biletalbum i Picasa 3 (eit fabelaktig verktøy i så måte). Har også lasta dei i nettalbum (ikkje publisert), men eg saknar Piknic-biletredigeringa - skulle ønske desse to vart slegne saman :). Laga eit kjekt bilete i Comic Life ilag med 7-åringen som var her.

14. feb. 2009

Kong Vinter..

..har verkeleg meldt sin ankomst her ute i ytre strok. Uante snømengder har skapt problem for folk og brøytebilar, men ungane klagar derimot ikkje. Etter mange timar ute i det kvite ilag med tant'ungar og andre ungar, logga eg meg på. Tre andre gruppemedlemmer var også pålogga, så no har vi hatt samtale både i fellesdokumentet vårt og på msn. Vi skal møtast for å avgrense oppgåva og fordele arbeidet mellom oss, snarast råd. I mellomtida får vi lese pensumlitteratur og bli klokare :)
God helg!

PS! Vart oppmoda av Linda om å dele dette biletet som eg hadde på framsida av M1 ;)

Oppgåve samansettverktøy 2.

Acidxpress er nedlasta, utpakka og installert. Det tok litt tid å innstallere pga. treig fronter-epost (brukte den kontoen). Brukarkonto er oppretta der og på Xtranormal
Vart jaga vekk frå maskina då Birte og nokre vennar kom inn frå snømassene og såg det eg heldt på med på Xtranormal.
-Ditta va kjekt!, så dei då vi fekk figurane til å snakke både norsk og spansk. Morosamt!!
Eg ser at dette heilt klart kan motivere elevar til å skrive engelsk t.d. 7.klasse: Heimelekse: Skriv ein samtale mellom to eller tre personar om/utfrå teksten. På skulen: Setje orda ut i livet i Xtranormal. Snakk om motivasjonsfaktor å få høyre småfigurane spele/seie det dei har produsert!! Får vi også med dei elevane som går på tomgang og aller helst dei svakaste? (Dersom ein har lyst på ein god latter, kan dette godt brukast i norskfaget også
- Norwenglish på sitt beste).
Syreekspressen
er heilt klart eit verktøy å bruke i musikkundervisning generelt (på ungsomstrinnet), men som eg høyrer gjennom samtale med 104-arane høyrer også er eit verktøy i podcastproduksjon t.d. ein jingle (dette dømet var kanskje litt langt).

12. feb. 2009

Sosial web i klasserommet

Check out this SlideShare Presentation:

3. feb. 2009

Comic life

Tidleg forrige veke las eg gjennom samamsette tekstar leksjon 1 og lasta ned Comic Life, og tok ein prøvetur. Men arbeidet med M1 gjorde at den obl. bloggen vart liggande som eit utkast.

Sjølve programmet er lett å forstå, appellerer til ungdom med kule
effektar/lydar undervegs, sjølvinstruerande som det er. Her er ei prøve .

Tenk konkrete læreplanmål, står der i oppg.: Eg tenkjer t.d.:
Norsk etter 7. trinn?
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
..eller kunst og handverk etter 7.trinn?
  • bruke fargekontraster, forminsking og sentralperspektiv for å gi illusjon av rom i bilder både med og uten digitale verktøy[...]
  • lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film
  • fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger både generelle og fagspesifikke.
Det går ganske mykje tid både til å søkje etter motiv med dei rette lisensane (utanom eigne bilete, då) og til å redigere stripene, så anten må ein setje av mykje tid med elevane, eller så må dette vere prosjekt som t.d. går langsmed andre fag, som snop/belønning?? For dette er kjekt å halde på med. Eg kjem heilt klart til å bruke dette verktøyet også privat, til fotoalbum, kort ohg andre helsingar - you name it :)
Det som stel mest tid, er at eg endå er ganske usikker på korleis ein "les opphavsrett" t.d. ting ein låner på CC. Eg har brukt søkjeruta i CC, merka av "
og når eg så har funne noko eg vil bruke, ser eg at det likevel står at t.d. eit bilete "kan vere beskytta av opphavsrett"... Elevane vert ikkje tryggare enn vi er, så vi har ein veg å gå...

Tankar rundt M1

Det står fem dagar att....
Eg har hatt rektor i tankane sidan oppgåva vart lagt ut. Han skulle berre ha visst :) Kva er det viktigaste eg kan formidle til han for å ta utfordringa vi har i forhold til personvern og trygg bruk av Nett både i læringsarbeidet, og på elevane si fritid?
Eg har hatt kjensla av å befinne meg i ein digital jungel.... Skogbotnen har vore full av røter (nettleksjonar), gamle blad (pensumsbøker) og orkidéar som strekkjer seg oppetter trestammene på jakt etter lys (lenkje på lenkje med relatert stoff). Eg har slått lag med, men også plukka med meg ein fin bukett av desse orkidèane - på jakt etter lyset. Eg har skimta det innimellom, men akk... trekrunene er så tette og i jungelen er det mørkt som natta, sjølv midt på dag. Berre eit dunkelt lys kan hjelpe oss fram og UT!! Men vi gir ikkje opp...vi skal nå fram.. til leveringfristen :)

1. feb. 2009

Grown up digital

Fann denne som eg vil dele med dykk: