27. jan. 2009

Tankar om undervisning i endring

M1 er ei konkret oppgåve som eg utan problem kan relatere til i skulekvardagen min. Men for å kunne gi gode råd/setje rektor inn kva er om sosial programvare er, må eg vite noko om det sjølv. Eg må også vite noko om elevmassen, gjerne på heile 5.- 7. trinnet. Kva er skulen sine elevar brukarar av? Kva er desse nettsamfunna i røynda? Kan dei brukast i "undervisningsøyemed"? Er denne elevgruppa moden nok til å sjå at det gagnar dei å sjølve produsere lærestoff eller dele lærestoffet sitt med andre?? Vere med å lage wikis? Ser dei poenget med e-twining sjølve? Kan vi få elevane til å bli brukarar av nettstadar dei ikkje sjølve ville ha oppsøkt? Er dei klar over at dei bryt personvernlovene kvar dag?
Siste veka har eg brukt web trend kartet, merka av for vis besøkte lenkjer og vis foto m.m. gjorde meg ein del interessante funn om mi eiga surfing då, ja...
I går myldra vi og vart litt klokare på kva oppgåva eig. går ut på...

25. jan. 2009

web 2.0

Det var vel ikkje for inkje at M1 var formulert som ho var. Så mykje eg ikkje visste fanst der ute i webland... No skal det sorterast og filtrerast gjennom personverfilteret og leggast inn i oppgåva.

Gruppa har avtalt ny tid (på msn). No skal det myldrast!!

24. jan. 2009

Oppsummering av siste dagane

Skjønar mykje meir av nettstaden no, føler at eg har fått inn i fingrane korleis eg skal redigere, legge inn sider, skifte fargar m.m. Det er så kjekt at eg må legge band på meg, for pensum skal også inn.

Har rydda inne på GoogleDocs: Laga nye mapper, gitt dei forskjellig farge og oppretta ei som heiter "M1V09" inntil vidare. Der har eg limt inn oppgåvelyden, og nokre notatar...elles så brukar eg også Google notatbok.

Har fått prøvd ut ymse. Fann Clipmarks, eit nyttig verktøy (har også lasta ned ein del andre programtillegg frå firefox).
Twitter såg også artig ut, men eg har ikkje laga meg konto der..
Har også vore inn på del 2- Mindomo-kartet vårt og lagt inn desse to.
Eg har lasta ned Google sketch-up , og GoAnimate men har ikkje hatt tid til å setje meg inn i det endå, men eg trur eg skal be Birte om å prøve det ut litt..
Derimot fekk eg til å lage noko på Windows moviemaker..
Kjekt, men no er det nok for i dag....


21. jan. 2009

Artikkel om sosial web

Ei drøfting om sosial web og læring

Sosial web, sosial programvare, Web 2.0 er nemningar på arenaer for sosial nettverksbygning, delingskultur, samarbeid osv. på nett av typen Wikipedia, Facebook, Youtube osv.

Kva ser unge på som viktige og motiverande verktøy for si læring? Kva er det godt for i utdanning? Kva er det ikkje godt for? Kjem kvalitetane godt fram? Korleis er sosial web faktisk brukt? Desse spørsmåla stilte Michael Wesh , antropologiprofessoren frå Canada, seg sjølv då han overtok jobben til den gamle forelesaren sin ved Kansas State Univercity. Han møtte dagens studentar, og samstundes møtte han "skuleveggen". Kvar var fokuset til studentane? Kva heldt dei på med medan han førelas? Han spurde og fekk svar, som han tok tak i!!
Michael Wesch fann ut at samhandling er eit godt grunnlag for kunnskapsbygging, for "we are all connected", på nett er alle likeverdige. Vi veit mykje om potensialet for læring og bygging av kunnskap, og deling av denne, seier han.
Mange elevar/studentar leitar etter meininga med læringa si. Wesh har i si undervisning kome fram til at vi bør hjelpe/lære elevar/studentar å stille dei "rette" spørsmåla - av den typen som oppfordrar til "tenking utanfor boksa". Eigne erfaringar peikar også i den retninga. Kvifor stiller mange elevar oftare spørsmål som går på leveringskrav/-fristar enn på kunnskap? Dersom sosial web er det som skal til for å få dei til å snu, eller koble seg på, så må vi nok fylje straumen.
Wesh seier altså at dagens lærarar må over i ei ny rolle. Vi må slutte å sjå på elevar/studentar som blanke ark som skal fyllast. Vi må istaden styre elevaktiviteten slik at dei vert interesserte i å bruke den sosiale IKT-kompetansen i læringa si også. Læraren bør prøve å vere open for å nytte dette til støtte i tenke-/ læringsarbeidet. Vi må møtast ein stad midt på.

Den britiske sosiologen ved London Knowledge Lab, Neil Selwyn, slukjer ikkje sosial web like rått. Han meiner at det er eit stort gap mellom formell undervisning og aktivitetar på sosial web. Han er m.a. ikkje overbevist om at sosial programvare er nyttigare enn andre læringsverktøy. Han set også spørsmålsteikn ved i kva grad studentar faktisk ynskjer å bruke sosial programvare på den formelle undervisingsarenaen, altså om dei vil blande desse to.
Selwyn hevdar at før vi kan ta dei sosiale læringsverktøya systematisk i bruk må vi revurdere/tilpasse lærarrolla, utdanningsinstitusjonen si rolle, vurderingsformene og pensum, og dette må skje over tid.
Selwyn samanliknar den sosial web-læringa meir med den typen læring som tidlegare føregjekk på gangen, over kaffikoppen. Men på linje med Wesh spør han det essensielle spørsmålet i denne drøftinga: Kva ser elevane på som mest motiverande for si læring? Det er hos dei vi må starte.

Forskar ved SINTEF, Petter Bae Brandtzæg, tek doktorgraden sin på Institutt for Medier og Kommunikasjon ved UiO, og han har funne nokre interessante tal om bruk av nettsamfunn i Noreg, m.a at 53 % av alle nettbrukarar i Noreg frå 15-75 år faktisk brukar nettsamfunn. Tala hans viser at berre 30% av nettsamfunnbrukarane bidreg på nett. (Wikipedia - nettleksikon og Wikispaces er døme på slike nettstader). Dei resterande 70%, brukar nettet (hentar, låner, lyttar, les osv.).
Sosial samhandling og innhaldsdeling på nettet har etterkvart vorte ein naturleg del av kommunikasjonsmønstra våre, i tillegg til nye måtar å skaffe oss informasjon på.
Peter Brandtzæg er, på linje med Selwyn, meir skeptisk til det læringspotensialet som Wesh heilt klart ser ved å ta i bruk sosial web i skulen. Dersom vi skal få folk til å bidra, må vi endre kunnskapsdepartementet og utdanningsdirektoratet sine nettvettreglar (som m.a. oppfordrar til anonymitet), seier Brandtzæg, og hevdar at fullt navn byggjer tillit mellom brukarane. Først når det opne og synlege er akseptert, kan folk sine digitale ferdigheiter takast i bruk og produkt delast, konkluderer han.
Dersom lærarar rundt om i verda skal ta i bruk sosial web i undervisninga, må dei sjølve ha kunnskap om korleis dette verkar, vere brukarar. Først då er dei i stand til å skape positiv og meiningsfulle læringsprosessar/-miljø ved bruk av Web 2.0. Eg trur difor at dette er ei endring som framleis kjem til å ta tid. Kanskje i takt med at dagens brukarar vert morgondagens pedagogar?


Lenkjer:
http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf
http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s
http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04
http://www.itu.no/Nyheter/1224159645.86
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf
http://knol.google.com/k/svend-andreas-horgen/hva-er-web-20/16hdsg0zee5n/4#

20. jan. 2009

Blogg/nettstad

Nok ein dag med utfordringar, men i dag ringde eg Kjell. Han trur at eg kanskje har fleire bloggar?? Han har kika på det og trur alt er i orden, men det kjem framleis ikkje feed frå bloggen min til arbeidsmappa mi.
Vi skal ikkje ha samling igjen før uti mars, så kva skal eg gjere i mellomtida?? Kanskje er må lage ein ny nattstad?? Trur eg må be om "studentmedarbeidarsamtale".HJELP! ;)
Eg har likevel fått skrive masse på drøftinga mi og er kome opp i over 700 ord. -TYPISK ;)

Testinnlegg

RSS-test

19. jan. 2009

Dagens oppsummering

I dag har eg skrive meir på drøftinga om sos. web, og skifta layout og prøvd meg fram både i arbeidsmappa og bloggen. Får ikkje feed frå bloggen på arbeidsmappa mi. Må vere noko med innstillingane som eg ikkje forstår :( Har skrive etter hjelp på fronter. I morgon får eg sjå etter om det er hjelp å få. God natt.

18. jan. 2009

Redigering av nettstad og blogg

Ja.... no forstår eg litt meir av korleis legge inn gadgets og liknande i startsida av arbeidsmappa/nettstaden, har skrive litt der om det eg har jobba med på oppgåva.

Prøving og feiling på blogg/arb.mappe konsumerer etter mitt syn alt for mykje av den studietida eg har av rådigheit. Lesing og artikkelskriving, blogg og arbeidsmappe vert eit samansurium - talet på opna vindu har nådd nye høgder. Konklusjonen min er at Kjell og Kjartan bør" hive nå i femte" og slappe av litt ;) Nighty-night....

Tidbruk..

Kjartan og Kjell har tru på oss, men det gir ein del frustrasjonar, det skal vere sikkert....
Dagen har gått med til leiting, prøving og feiling. Er i grunnen for trøytt til å konkludere på noko som helst. Har lytta til Wesh igjen, lese Selwyn igjen og notert - kanskje skal eg prøve å setje det eg har funne inn i eit mindomo tankekart i morgon?? Ein time på data verkar iallfall som 15 min, så tida strekk ikkje heilt til, sa nokon 20 timar i veka? Det stemmer ikkje her i garden iallfall!
Litt frustrasjon i lufta, seier du? Betre i morgon, sikkert..

16. jan. 2009

Tankar etter samling

Ja, då er klokka 23.45.. dei små som er på besøk i helga har sovna og prinsessa mi skal snart hentast heim frå skuleball. Håper ho hadde det etter forventningane....
Har laga meg jing-profil, sendt screencast på msn og på chatta der og på facebook.. Klarer ikkje å hugse br.n/p.o på picasaweb, dessverre, skuille å gjerne hatt M2 bileta, men eg får laste opp nye til den andre...
http://screencast.com/t/bfzBOKXjw

Eg sit her med mange nye pedagogiske tankar i hovudet og like mange spørsmål. Forstod eg korleis eg la inn RSS-feed på bloggen min? Kva er embedding for noko no igjen? Korleis får eg til å legge lenkjer inn i venstremargen...har prøvd!! Kjell sa at der er gadgets for det meste, men kva for ein skal ein velje, når der kjem opp så mange?
Mindomo-verktøyet var nyttig og hadde mange fleire funksjonar enn eg visste. m.a. det med dokumentorganiseringa/-stukturen i pdf-format, som kan eksporterast til oppgåver.
No er det så absolutt kvelden.. håpar nokon kan seie frå til meg dersom dei ikkje fekk Rssfeed om dette nye innlegget :)

12. jan. 2009

Oppretting av blogg

No har eg følgt rettleiinga og laga meg ein studieblogg, samt laga lenkje til denne bloggen i den nye arbeidsmappa mi. Her er ei lenkje til arbeidsmappa mi i H08..Test!