22. mars 2009

Øvingsoppgåve 2, informasjonskompetanse 2

Eg oppretta eit Nettvibe-nav med det same første leksjonen kom.

Snakka med Karete på Skype, som heller ikkje fekk det opplasta profilbiletet til å "sitje fast" etter lagring. Nokon som har eit framlegg til kva som skal til?
Har lagt inn informasjon om meg sjølv og gjort meg kjend. "Essensielle småprogram” som notisblokk, vèret, huskeliste, kalender og biletsøk og ei rekkje andre RSS-straumar er på plass.

Vart ferdig med alle oppgåvene i leksjon 1 og 2 i dag, så då...det er ikkje så lett å blogge som ein skulle tru!! :)

Vert spennande med leksjon 3!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar