29. apr. 2009

Gjennomgang av nettstadar -> arbeidskrav

Tidleg i veka avtalte Siv-Mette og eg lenkjesjekking. Det var nyttig! Mangt vart oppdaga og retta på. I går fekk eg eit liknande oppdrag av Mona - også dèt var nyttig!
Elles krinsar tankane rundt M3 og då for det meste på om magekjensla skal halde stikk.. Eg har kome fram til kva oppgåver eg skal levere til eksamen - M2 er ei av dei. Kjell har fleire gonger tipsa om at det kan vere like lurt å forklare evt. endringar, som å faktisk å gjennomføre dei. Like etter at vi fekk att M2, retta eg sitatbruken + eit-par småting til som stod i tilbakemeldinga. Resten vil eg fylje Kjell sitt råd på. No har eg oppretta eit utvalsnotat, og kladding pågår.. I morgon avspaserer eg og håper på same fine vèret!!

23. apr. 2009

"Må vere med, berre må vere med" (kvar første helg i juli)!

Sjølv om dette er ein studieblogg, føler eg sterkt for å dele denne med dykk. Han som syng, Roar Kjølv, har komponert melodien og hadde rolla som Møre-Karl dei første 10 åra, og er no tilbake på 3. året som Ragnar herøyhovding.. Han har også, som de høyrer, tapt sitt hjarte til Herøy havland :) Kom, kom...

17. apr. 2009

Animasjon/samling


Litt vanskeleg å vere kreativ under tidspress, men dette var det Linda og eg rakk med I'Dough og legoklossar, IXUS 4.0 og stativ :) Lyden las vi rett i WMM i ein sekvens, så vart bileta lagde på etter kvart som vi spelte oss framover. Tor Arne Wølner si forelesning om portelfølje-/mappemetodikk/animasjon var interessant og eg har igjen lært mykje som eg kan bruke i arbeidet med å hjelpe elevane til å bli digitalt kompetente. Her er lenkje til arbeidsdokumentet vårt.
Torsdagen var responsdag. Elena og eg kom på gruppe og inntok kantinesofaen med pensumsbøker, litt sunt snop og eit konstruktivt sinn. Kanskje var vi ikkje effektive nok, eller kanskje for grundige på M3? Vi brukte iallfall opp tida (fekk ikkje gitt skikkeleg respons på M1 - skumma fort gjennom dei og fortalde kva vi sjølve ville gjort annleis til evt. eksamen). M2 er vi begge delforfattarar av og vi er begge samde om at den er bankers til eksamen!

15. apr. 2009

Skrivehastigheit (høgfrekvente småord)

40 Ord

Speed test




Heilt fri for skrivemaskinkurs denne dama her - sjølvlærd og med krokete fingrar ;)

6. apr. 2009

Øvingsoppgåve 2, informasjonskompetanse 3

Slikt burde det vere meir av (på norsk)
Gi en kildekritisk vurdering av dette nettstedet: http://allaboutexplorers.com/
Hvordan vil du bruke dette nettstedet for dine elever i å lære dem om kildekritikk?
Kanskje kan dette gi deg noen ideer: http://allaboutexplorers.com/webquest/hunt_columbus.html - i å lage oppgaver.

Christopher Columbus page @ All About Explorers.com
Denne nettsida er laga av ei gruppe lærarar, for å lære studentar om bruken av internet. Sida innheld ein del fakta, men òg fiksjon (årstala stemmer m.a. ikkje), som det kunne passe å bruke til å testing av elevane si vakenheit.

Christopher Columbus page @ Zoom Explorers
Her kan ein registrere seg (EnchantedLearning.com -kostar litt).
Ei alfabetisk liste med verdas kjende oppdagingsreisande frå 1300 til 1900-talet.
Denne nettsida er truverdig, har seriøse (lærar-) forfattarar, har detaljerte opplysningar det er lagt mykje arbeid i, og som er sette opp på ein oversiktleg måte. Denne skal eg bruke til differesiering i engelsktimane i 7. i morgon. :) [I ettertid må eg seie at det var ein stor suksess - alle gjennomførte det og likte oppgåva].

På same måte som JaO sine kjeldekritikk-kurs, er det på Webquest gode tips til oppgåver som både trenar kjeldekritikk, samstudes som læringa pågår. Dette var nyttige tips.

2. apr. 2009

Ei god kjensle..

Kva gir ei god kjensle?
Tja...eit smil, ei gåve, eit kompliment, ei glede, ei overrasking, det å gi ei handsrekning, eller rett å slett få ei stadfesting.
Det å få positiv stadfesting på noko, gir iallfall stor personleg utteljing, fordi ein har hatt håp og forventningar over tid...


...slik som at gruppe 3 fekk DETALJERT OG SUPER RESPONS på M3.

...slik som det at siste dag for mellomtrinnet blir annleis og fin:
  • Påskeevangeliet i ord og tonar i Herøykatedralen
  • Påskelunsj m/flust opp av godt pålegg
  • Påskevandring i gymsalen: Veggaviser, tablå og program
...slik som det at nokre eldsjeler har sett, søkt og fått stadfesta at pappa har gjort seg fortent til Kongens Fortenestemedalje i gull (19.april).

...slik som det at dei siste programpostane for 17. maifesten på Bergsøya også fall på plass i kveld.

God natt. Eg skal sove godt, kan du tru!! God påske, forresten :)




1. apr. 2009

Bra feed kom nettopp inn...

Eg får feed frå bloggen til June Breivik: TANKER (du finn han i høgremargen min). Ho er sosiolog/lektor og jobbar som prosjektleiar for prosjektet Digital skole i Hordaland fylkeskommune.

Det siste innleget hennar, Pragmatic Web, var interessant og tankevekkjande. Då eg ikkje var heilt 100% sikker på defininsjonen, måtte eg slå opp. Moglegheitene var mange:

Store Norske Leksikon gav denne:

pragmatisk, som gjelder handling og det som er praktisk nyttig mer enn f.eks. prinsipielt viktig; (i historieforskning:) som legger vekt på årsakssammenheng i stedet for f.eks. det kronologiske.


Nynorskordboka gav dette resultatet:

TILSLAGSORDARTIKKEL FRÅ NYNORSKORDBOKA (offisiell rettskriving)
pragmatisk
~tisk a2
1 som legg vekt på å kome fram til praktiske, tenlege løysingar p- politikk
2 om historieskriving: som freistar å klårleggje årsaker til og verknader av historiske hendingar
3 gramm: som gjeld bruk av språk og verknad av språkbruk p- analyse av språket

Caplex denne:

pragmatisk (av gr. pragma, kjensgjerning, virksomhet, sak, til prassein, gjøre, handle), som bygger på praktisk og saklig viten (i mots. til spekulasjon og teorier); som holder seg til sak og fakta og er konkret og praktisk i sin holdning. — pragmatiker, person som er pragmatisk av legning og i holdning.


Wikipedia denne:

Pragmatisk beskriver en person som legger vekt på å oppnå praktiske resultater en politiker / praktisk, formålstjenlig finne en løsning på et problem. Det motsatte av dogmatisk

I forbindelse med historieskrivning er en pragmatiker en som søker å gjøre rede for historiske hendelser, årsaker og virkninger - og av dette trekke lærdommer for framtiden.

Og slik kunne ein halde på..:) Stort sett var det semje denne gongen... :)

Men tilbake til June sine tankar...ho snakkar om å tenkje enkelt og bruke det ein har, utnytte dei moglegheitene ein har, og innta ei avslappa haldning til digitale verktøy.

Ho reflekterer rundt spørmål som: Hvor store skal (IKT-) kravene til lærerne være? Hvorfor er ikke en yrkesgruppe som jobber med læring selv i konstant læring? Ho hadde vore i møte med Michael Wesch, der dei hadde diskutert m.a.:
Det snakkes om de digital innfødte og digitale immigranter, men alle som har erfaring fra skoleverket vet at der er mange “analfabeter” blant disse såkalt innfødte. Javel, mange av skoletaperne klare seg godt online, og ikke alle de skoleflinke er like aktive på webben. Men der er likevel samvariasjoner. For å manøvrere i cyberspace, gi uttrykk for meningene dine, delta i demokratiske foraer krever det et visst sett av holdninger, kunnskaper og ulike ferdigheter, blant annet kognitive ferdigheter. I møtet med Wesch sa han at webben kunne gå i to retninger: en demokratiserende og en totalitær. Den totalitære bestod av at en “elite” som behersker disse mediene tar kontroll og styringen over webben, og at komersielle krefter kan få uforholdsmessig stor makt, fordi massene ikke forstår og behersker cyberspace.
Ganske spot on i høve M3?
Ho reflekterer også rundt skule/heim og digital danning:

Mange hjem har ikke andre forutsetninger for å hjelpe barna enn at de kan gi dem kjærlighet og omsorg, og dessverre får ikke alle barn det heller. Dette må skolen erkjenne. Slik er det og med digital kompetanse, det MÅ være et fokus for skolen. Vi kan ikke slappe av og si at barna er digitalt innfødte, og dermed lærer de dette intuitivt, mens mor, far og lærer sitter med sine analoge medier.

Om du vart interessert i hennar tankar, kan du lese meir her . Eg må tilbake til englekstentamen nr 32 og resten av bunken...viss ikkje eg berre køyar.

Arbeidet med/innlevering av mappeoppgåve 3



Trykk på biletet for å sjå geotagging av "huset".



"Leverte" M3 no rett før Windowsormen skulle gjere sitt inntog - det står no att å sjå kva som vert av det. Eg har iallfall følgt råd og gjort mitt for å sikre pc'en for denslags.

Det har vore interessante leksjonar og gjennom arbeidet med M3 har eg lært mykje og gjort meg opp mange tankar om elevars og min eigen informasjonskomptanse; søkje- og lesestrategiar, informasjonsnav (Netvibes), RSS-feed og leserutinar osv. osv. Ja, eg føler meg i det heile teke informasjonskompetent.
Den verkelege JOBBEN og tentamensretting skal få tida mi resten av veka.. :)
Då tek eg natt!


PS! Må prøve geotagging