16. feb. 2009

Oppg. 4, Tønnessens bok (barneminne)

Eg vaks opp i beste Barnetimen for dei minste -tid, men vi produserte våre eigne høyrespel, også vi - på lydband. Far skapte dei første lydbøkene eg veit om: Når han sat med oss på fanget og las Vangsgutane, Heidi, Robinson Crusoe, Skatten på sjørøvarøya m.m., gjorde han opptak samstundes. Ved leggetid vart vi stappa trygt ned i sengane våre, og reprisene kunne sendast frå arbeidsrommet ut til høgtalarane våre. Når tida var ute, braut dei inn i
"sendinga" og sa Godnatt for siste gong. Desse lydbanda lever i beste velgånde.

Far var også tidleg ute med å kjøpe smalfilmkamera. Slik film var kostbar, så snuttane dreia seg
stort sett rundt høgtider, feriar og fødselsdagar., men dog :) Slik har det seg at ein 43 år gammal IKT-student faktisk har dåpen og resten av oppveksten sin på levande (stum)film-dvd
(konvertert frå S-8) - heilt inn i den digitale tidsalderen.

Men tilbake til skikkeleg gamle dagar, og den dagen vi fekk oss fjernsynsapparat. Underets tid! (Bilete frå www.bradschwede.com/images).
På dagtid oppheldt dette mystiske seg i eit
brunt teakskap på fire tynne bein, bak lås og slå. Kvar ettermiddag litt før klokka seks, ropte mor ut i leiken til oss: - No er det Barnefjernsyn, vil de sjå? Eg og storebroren min konkurrerte om å bli fyrstemann inn og sessa oss kjapt framfor apparatet med stor forventning, medan mor drog sjalusidørene til sides. Klart vi ville sjå dei tilmålte 20 minutta med "Du og jeg og vi to", "Pompel og Pilt" og "Lekestue" m.m. !!
Hugsar godt "På med pilen Palle" med han dansken og "Kvitt eller Dobbelt" med Knut Bjørnsen. Hugsar også godt då fjernsynet vart flytta ned i kjellaren, og at mamma/pappa (kvar sin gong) skulle sjå vaksneprogram av typen"Detektimen". Dagen etter fekk eg episoden så godt overlevert munnleg, at gjorde meg i stand til å delta i diskusjonane på skulen mandagen.

Sjølv om yngstemann berre var 5 år yngre enn meg, var hans TV-barndom ein heilt annan og meir innhaldsrik enn min. Men ungdomsprogramma "
Halvsju" m/ "Brødrene Dal" og "Pelle Parafins Bøljeband" m.m. traff oss heime alle tre! Det var den gongen vi samla på:
(Biletet er henat frå Wikimedia Commons)

Eg hugsar også godt då vi fekk eigen telefon i 1974, og slapp låne nabodama sin (som lytta ved dørene). Nummer 55! Eg kjende att sentralbord-Dortha og -Kirsten på stemmene. Svært var det også då vi fekk vår første grå dreieskivetelefon...
På ungdomsskulen ville eg ha motorlære til valfag, det var det berre nokre av gutane som fekk. Eg enda opp med matematikk og musikk (kanskje like lurt med tanke på seinare yrkesval?). På vidaregåande (83-85) fekk eg mitt første møte med data (erindrar eit enormt apparat som skulle matast med 1 og 0 i ulike sifferkombinasjonar, der ein etter timars "programmering" fekk ut resultatet: Ein liten lapp med namet sitt på).
På lærarskulen
takka finkrifta mi for seg. Time etter time, side opp og side ned, med notatar, framlengs og baklengs (og speilvendt - mi form for drodling/strikking ligg ikkje for meg..).
Nokre av oppgåvene siste året førte eg inn på far si velbrukte skrivemaskin. Tenk om eg den gongen hadde hatt pc??

Siste året på Lærarskulen (som vart høg medan eg gjekk der) hadde eg Lotsberg i data, som del av 1/2årseining i matematikk. Han peika og forklarte og vi prøvde å forstå. Når vi masa for mykje, skrudde han berre av høyreapparatet sitt. Genialt!! Men kva lærte eg, og kva nytte hadde eg av det ute i skulekvardagen? Vi får sjå...

"Ferdig (ny) utdanna, kom eg i 1992 "ut", og under min rektorfar Arnljot, forøvrig ein trugen Mac-entusiast, hadde vi datakurs etter "stengetid". Innleigde Tikiguruar peika og forklarte, lærte oss dokumentoppretting, lagring og tabellar m.m. Ikkje alle kollegaene mine såg poenget med desse pålagde ekstratimane på jobb, men etterkvart vart vekeplanar laga på datamaskina, og eg oppdaga nytten av å sleppe å finne opp krutet kvar gong.
Resten veit vi...den teknologiske utviklinga og økonomien har gjort sitt til at nesten alle dagens barn og unge er i/har tilgang til ei verd mange vaksne (inkl. mange lærarar og føresette) ikkje klarer å henge med i - kommunikasjonssamfunnet.

I dag møter/bruker vi altså IKT dagleg og stort sett overalt: I skulesamanheng, til underhaldning, i sosial samhandling, i fritida. Ei tekst eller eit fotografi (t.d.) er ikkje lenger det det var. Kan papirversjonar måle seg med samansette tekstar som fargar innhaldet? Harry Potter og Ringenes Herre er ikkje best på nett, men diskusjonen/meiningane våre kan raskt og effektivt kome til uttrykk nettopp her.
Vi deler, lånar, bearbeider og lagar nytt. Læringsbehovet, krav og forventningar til skule- og yrkesliv
er endra. Web 1.0, Web 2.0 (og Web 3.0 ) . Aktivitet blir interaktivitet, og som på alle andre område finn vi også her kjønnsskilnader.

Dersom skulen ynskjer å bidra til læringsprosessar som kan bli både kreative og kritiske, må lærarane i langt større grad enn no ta elevane sine interesser og nysgjerrigheit [innan IKT] på alvor, hevdar Else Seip Tønnessen (Generasjon.com, 2007: 160). Tønnessen sine forskingstal (ifrå 2006) viser at bruken av pc i heimane har auka frå 21% til 69%, medan auken i bruk av pc i den norske skulen berre har auka frå 8% til 18%. Både jenter og gutar utforskar Internett og "underviser" kvarandre dagleg gjennom spel og ulike sosiale webarenaer. Desse multitaskarane er det vi i skulen skal "undervise". Kommunane har eit ansvar for at einskildskulen kan halde seg oppdaterte, både teknologisk og kompetansemessig. Det som er nytt i dag er yesterdays news over natta. Vi har ikkje "råd" til å late vere å henge med i svingane.

Forsking viser at Internett blir brukt av barn også til læring, men at dette i størst grad skjer utanfor klasserommet. Det er eit tankekors! Heldigvis er det Sesamgenerasjonen som blir morgondagens lærarar. Vi får setje vår lit til at dei klarer å oppdatere den norske skulen digitalt. Dei kan klare å lose elevane inn i framtida og dei krava til digital kompetanse som ventar dei ute i yrkeslivet. I mellomtida får eg vere einsam ulv her oppe på Borga, med mine 15- 30 studiepoeng i faget og hovudet fullt av idèar og lærdom eg nesten ikkje får sett ut i livet, fordi rammefaktorar og ressursar effektivt set ein stoppar for det..

2 kommentarer:

  1. Hei Karina :)

    Eg kosa meg med innlegget ditt som viser litt av di oppleving av teknologiens inntog i samfunnet. Eg er jo litt yngre, og har ikkje heilt dei samme erfaringane - men mykje liknar. Det eg hugsar best er at vi fekk Tv2 og datamaskin...og at vi drøymde om Tv3! Bestemora til Aina, ho Solveig på hauå, ho hadde Tv3 - det var det sværaste av alt svært på tv. Eg, Aina, mamma og Vigdis, brukte å fare inn til ho å sjå Casino - med Halvard Flatland og "tause Birgitte". Det var det kjekkaste vi visste. Lite sansynleg at vi hadde reist 2-3km på spark for å sjå ein time på tv idag! Har tv3...ser aldri på det.

    Eg trur at teknologien kan ha ein mykje større plass i skulen enn den har idag. Etterkvart som sesamgenerasjonen kjem ut av lærarskulen, så vil det nok bli meir naturleg at IKT er integrert i skulen, enn at det opplevast som eit ekstraarbeid. Eg trur og det er viktiga at alle som treng det, held seg oppdaterte på kva som skjer, kva er mogeleg å få til, kva verktøy finst tilgjengeleg osv. Også korleis barn og unge brukar nettet - for å forstå korleis ein skal nå inn til ungane, så må ein nesten kjenne litt til vegane dei går.

    SvarSlett
  2. Koseleg med sparktur inn på Hauane til hinne Solveig (Eg er jamgammal med Perny-Ann og var der nokre gongar i barndommen). Dagens born hadde kanskje opplevd sparkturen ilag med foreldra om kvelden som det eksotiske, ikkje TV3 - slik er det.Elles er eg samd i det du skriv.

    SvarSlett