21. mars 2009

Livreddar

Som kommunalt tilsett fekk eg ein PPT frå vår kjære ordførar på bokmål, men eg fekk det over meg at det hadde no vore fint at vi som bur i Ivar Aasen-land kunne lese han på nynorsk også, så då omsette eg han. Viktige ting må delast, og då sjølvsagt på ein Web 2.0-måte i staden for å vidaresending på e-post - difor Slideshare. Eg vil gjerne ha kommentarar om lovlegheita av det eg har gjort...
Trykk på lenja under:Ditthjarteatakk

View more presentations from grimskar.


15. mars 2009

Oppgåve 1, Tenkjeverktøy 2

Siv-Mette og eg valde å samarbeide om denne oppgåva, fordi vi trengde å setje ord på/rydde i/få bekrefting på tankane våre.
Etter mykje leiting og prøving på eit utal
lenkjer til pedagogiske sider vi har funne utfrå leksjonar m.m., har vi endeleg klart å plassere dei nokonlunde i Hutchings kube, viss vi har oppfatta det rett. Vi kan slå fast at alt vi har jobba med dette skuleåret kan plasserast under CSCL (Computer-supported collaborative learning). Dette meiner vi er nivå 2 i kuba.

Programvare/medie/læringssituasjon som kan hjelpe oss å gjere kvalifiserte val ut fra måla med læringsarbeidet (
i planlegging/utføring), sett utfrå Koschmans teoriar - plasserte i Hutchings kube (slik vi oppfattar det:))


Biletet er henta frå
http://www.ascilite.org.au/conferences/melbourne01/pdf/papers/koschmannt.pdf

Ein tenkjer seg Koschmanns teoriar plasserte på den raude pila i Hutching kube (frå nivå 1 (passiv lærarstyrt elev) til nivå 2 (aktiv, krativ elev med kontroll).
Desimalvalet er noko tilfeldig og ikkje teoretisk begrunna :))


Biletet er henta frå tenkjeverktøy2-leksjonen.
Nivå 1:_Computer-Assisted Instruction (CAI)
kalkulator/rekne-/skrivemaskin (dei første hjelpemidla)
Nivå 1,3:
Information Processing Theory (ITS) (70-tal):
Mons og Marte/Formel/Multi (matte): Automatiskering, overlæring og mange repetisjonar. 1 til 1. Desse programma gir tilbakemelding om rett/feil svar, Gir ikkje hjelp eller rettleiing i kva som må til for å kome farm til eit rett svar. Dei legg ikkje vekt på å hjelpe elevar til beherske eller forstå matematikk betre. Repetisjon og alternativ arbeidsform for elevar som treng drill/variasjon. Dette er den typen ein finn flest av når ein leitar etter pedagogiske spel frå 80-talet.
Dei læremidla som ligg ute på forlaga er i stor grad av denne typen.
Nivå 1,5: http://4567skole.no/
Ein nettressurs, der elevane kan vere både aktive og passive.
Nivå 1,7: Logo-as-Latin (tenkeverktøy/mindomo):
Døme her er: Bridge Building Game, Google Earth/Sketchup.
Eleven er aktiv, ikkje rett/gale-tilbakemeldingar, oppdagings-læring (learning by doing), refleksjon og erfaring. Dels nivåbasert.
Nivå 2. Computer-supported collaborative learning (CSCL) (datastøtta samarbeidslæring)
Google oppslagsverk (søkemotor), GoogleDocs (norsk/data/samskriving), Blogg/digitale mapper/LMS, nettstadar/nettavis/podcast/Wikipedia/Wiktionary/Wikibøker/Wikispaces. Elevane kan vere initiativtakar, interaktiv, kommunikativ, redaktør, produsent, gi/få respons/tilbakemeldingar frå medelev/lærar.

Vi er spente på kva M3 vil by på av utfordringar, og håpar det er ei spennande oppgåve som ein lett forstår poenget med, som kan inspirere til arbeid/læring og utvikling av digitale ferdigheiter.

13. mars 2009

Oppgåve 2, Tenkjeverktøy 2


Bridge Building Game

Level 1: Kostnad 1000/ Vekt 40000
Level 2: Kostnad 4000/ Vekt 80000
Level 3: Kostnad 8000/ Vekt 1200000
Eit spel med in-game learning. Læringsaktivitet i seg sjølv, og ikkje ei belønning i forhold til tradisjonelle læringsopplegg.
Eg hadde kjensla av litt flaks allereie på level 1, og tenkte at eg ikkje kom til å klare level 2, men toget susa over der også, sjølv om det såg ut som det skulle gå gale (i slow motion). På level 3 måtte eg gi meg. Måtte gå ut av programmet for å få begynne på nytt?? Klarer ikkje å starte på nytt frå siste nivå. Eg kjenner ein enorm irritasjon på grunn av dette!!! Saknar redigeringsverktøy. Ein må her tenkje meir enn eitt steg fram i tid (strategi). Ser heilt klart at nokre av mine søte små på skulen lett hadde utkonkurrert meg både i iver og kløkt i dette spelet. Vil introdusere det til dei i tipstimen på torsdag ;)

6. mars 2009

Samling 2, vår 09

Torsdag 5.3
1. Div. spørsmål og avklaringar vedrørande M2 og arbeidskrav
2. Innleiingssekvens om Picasa3/Google Earth (moglegheiter/geotagging m.m.)
(Eg har lenge vore fan av Picasa - veit ikkje korleis eg skulle fått oversikt over bileta mine utan).
Oppgavetid
:
Lag veiledningen til en oppgave for elever der de bruker Google Earth.
Gjør oppgaven og presenter resultatene.
  • Aktiviteten bør så lagt mulig støtte opp om det vi vet/tror om barn og unges mediebruk
    (meningsstyrt, aktiv og deltakende, preget av at jevnaldrende er hverandres læremestre, mobil, global)
  • Skal gjøre bruk av plassmarkører og/eller geotagging og/eller lag i Google Earth
  • Bør utnytte muligheter gitt av det at dere har med digitalkamera
  • Måloppnåelse (læringsmål) skal sannsynliggjøres (skisser).
  • Utfør oppgaven selv (så langt det er mulig)
  • Presenter veiledning og resultat for de andre gruppene
Det vil kunne godtas at dere tilpasser et opplegg gitt i glessons og viser til eksterne how-to's, men noe helt nytt, spennende og originalt vil føre til større begeistring.


Dette arbeidet gjekk vi laust på i kjent gruppe rød-stil. Vi sessa oss med trådlause pc'ar i kantina i fred og ro. Idèmyldring, arbeidsfordeling og nye avtalar for morgondagen gjorde vi unna før vi tok kvelden. (Eg tok på meg å skrive kladden i Googledocs torsdagskveld og å konverterte han til Googlepresentasjon). Her er lenkja til gruppa vår sitt resultat!

Fredag 6.3
1. Presentasjon av gruppearbeida (Google Earth-oppgåvene) frå torsdag
2. Google SketchUp (Torbjørn)
http://sketchup.google.com/
Oppgavetid:
Du skal lage ditt eget hus i SketchUp (skisse/eksteriør med rominndeling) og laste det opp til Google earth. (det siste har eg ikkje gjort endå).
Denne sekvensen var litt frustrerande for mitt vedkomande. eg fekk ikkje heilt til dette, og som mine søte små i barneskulen, har eg ein tendens til å verte frustrert når eg ikkje får det til. Eg hadde problem med å løfte mønet på taket (fann ikkje og finn framleis ikkje den blå linja som eg skal ta tak i!!!). Men å lage vindauge, det kan eg ;)
Her er lenkja til "resultatet" mitt (so far?!)
3. "Dataspill" (Kjell)
Utnytte spillmetaforen i læringsarbeid?
Eg uttrykte allereie på samlinga frustrasjonen eg sit inne med i møte med elevar som ikkje har forlète spelverda før dei kjem på skulen-dei skal ta hemn og drepe kvarandre, og aldersgrense har korkje dei eller foreldra høyrt rykte om? Kjell parerte kjapt med at ein må sjå alternativa. Tja..med den tida mine klasser har til rådevelde på datarommet og med krava frå kunnskapsdepartementet hengande over meg, så vert det ikkje mange minutta dei får prøvd seg på Google sketchup eller andrespel, dessverre.
Oppgavetid: Dataspill
Her prøvde vi eitt som gjekk ut på å konstruere bruer. mine kollapsa ei etter ei. Kunne gjerne tenkt meg å laga fleire, men eg hugsar ikkje kva programmet heiter.

PS! Helene Garnes, som hadde laga eit flott nytt og gjennomgåande design på headerane i arbeidsmappe/studieblogg/nettavisa si, presenterte dette på samlinga. Eg vart inspirert til å gjere det same, og har i dag laga mitt eige design.Kanskje dei var litt utydelege? Kan hende det er litt lite fjell og fjord på DKL-studiet? Kan gjerne få tilbakemelding om kva lesarane tenkjer om dette ;)

Har tinga ei pensumsbok på biblioteket, og no tek eg kvelden. Spent på kva M3-oppgåvelyden. Vonar eg forstår ho og får inspirasjon i den travle skulekvardagen, og at gruppe Rød kan ta nokre runder i Skype-/msn-land ....

1. mars 2009

Tønnessen og M2-arbeid..

Tønnessenoppgåva mi finn du visst her :)
Her er ein videosnutt delvis rundt same tema (verdt ein titt? :))

Gruppe rød hatt ein aktiv vinterferie med godt og konstruktivt samarbeid på nettet. M2 er vi så langt godt nøgde med. Elena tok tidleg ansvaret for å (på ein flott måte) konvertere det felles Mindomo-kartet og skrive det om til del 1, då ho hadde behov for å konsentrere seg om andre skuleting også. Sjølv om vi andre meir eller mindre har delt på ansvaret for del 2, 3 og vedlegga, så har Elena vore med på nettmøta. Fokuset mitt har mest vore på alle planane, evalueringsskjemaet/ presentasjonen, laga og publiserte video på youtube;), men har også ordna slik at alle skjemaene/vedlegga fekk same layout(måtte gjerast oppatt, fordi open office nekta å samarbeide med GD, eller omvendt!!!!), samt lese korrektur..
Oppgåva er flott, men det er så absolutt lurt å la ho mogne litt til før levering!!

Ei ny skuleveke står atter for døra, og ei trevekersperiode med katleggingsprøver i no/ma/eng, samt tentamen/-retting og kontaktmøteførebuing/-gjennomføring er i vente. Vonar det let seg kombinere med studier, slik at eg ikkje må til med venstrehandsarbeid....tida vil vise. Tilbakemeldinga på M1 gav meg hint om pittelitt ekstaarbeid, men det får vente til i morgon...
Her er ein lenkje til øvingsoppgåva i Picasa3