Acidxpress er nedlasta, utpakka og installert. Det tok litt tid å innstallere pga. treig fronter-epost (brukte den kontoen). Brukarkonto er oppretta der og på Xtranormal
Vart jaga vekk frå maskina då Birte og nokre vennar kom inn frå snømassene og såg det eg heldt på med på Xtranormal.
-Ditta va kjekt!, så dei då vi fekk figurane til å snakke både norsk og spansk. Morosamt!!
Eg ser at dette heilt klart kan motivere elevar til å skrive engelsk t.d. 7.klasse: Heimelekse: Skriv ein samtale mellom to eller tre personar om/utfrå teksten. På skulen: Setje orda ut i livet i Xtranormal. Snakk om motivasjonsfaktor å få høyre småfigurane spele/seie det dei har produsert!! Får vi også med dei elevane som går på tomgang og aller helst dei svakaste? (Dersom ein har lyst på ein god latter, kan dette godt brukast i norskfaget også - Norwenglish på sitt beste).
Syreekspressen er heilt klart eit verktøy å bruke i musikkundervisning generelt (på ungsomstrinnet), men som eg høyrer gjennom samtale med 104-arane høyrer også er eit verktøy i podcastproduksjon t.d. ein jingle (dette dømet var kanskje litt langt).
Å samtale om samtalen – nå tilgjengelig som digital bok
for én måned siden

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar