3. feb. 2009

Comic life

Tidleg forrige veke las eg gjennom samamsette tekstar leksjon 1 og lasta ned Comic Life, og tok ein prøvetur. Men arbeidet med M1 gjorde at den obl. bloggen vart liggande som eit utkast.

Sjølve programmet er lett å forstå, appellerer til ungdom med kule
effektar/lydar undervegs, sjølvinstruerande som det er. Her er ei prøve .

Tenk konkrete læreplanmål, står der i oppg.: Eg tenkjer t.d.:
Norsk etter 7. trinn?
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
..eller kunst og handverk etter 7.trinn?
  • bruke fargekontraster, forminsking og sentralperspektiv for å gi illusjon av rom i bilder både med og uten digitale verktøy[...]
  • lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film
  • fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger både generelle og fagspesifikke.
Det går ganske mykje tid både til å søkje etter motiv med dei rette lisensane (utanom eigne bilete, då) og til å redigere stripene, så anten må ein setje av mykje tid med elevane, eller så må dette vere prosjekt som t.d. går langsmed andre fag, som snop/belønning?? For dette er kjekt å halde på med. Eg kjem heilt klart til å bruke dette verktøyet også privat, til fotoalbum, kort ohg andre helsingar - you name it :)
Det som stel mest tid, er at eg endå er ganske usikker på korleis ein "les opphavsrett" t.d. ting ein låner på CC. Eg har brukt søkjeruta i CC, merka av "
og når eg så har funne noko eg vil bruke, ser eg at det likevel står at t.d. eit bilete "kan vere beskytta av opphavsrett"... Elevane vert ikkje tryggare enn vi er, så vi har ein veg å gå...

2 kommentarer:

  1. Hei Karina! Du er kjempeflink! Tenk å komme på at Comic Life-fila måtte lagrast på PC-en og SÅ lastast opp på Nettstaden som Vedlegg. Det opna for å laste opp andre filer òg. Supert!

    SvarSlett
  2. Hei Karina :)! "Stripene dine e kjempetøffe" ;)eg blir imponert, og litt stressa. Må sette meg sjølv igong og lære meg desse verktøya! Får en kjøpt slik kreativitet som alle snakkar om i Fosnavågen eller?

    Håper vi kan finne tid i skulen til å jobbe med desse verktøya! Trur det e både nyttig og kjekt for elevane...og lærarane!

    Må friste meg til å foreslå at du deler det biletet på framsida i M1...eg tenkjer stadig vekk på det...synst det var "spot on"!!!

    SvarSlett