Ei drøfting om sosial web og læring
Sosial web, sosial programvare, Web 2.0 er nemningar på arenaer for sosial nettverksbygning, delingskultur, samarbeid osv. på nett av typen Wikipedia, Facebook, Youtube osv.
Kva ser unge på som viktige og motiverande verktøy for si læring? Kva er det godt for i utdanning? Kva er det ikkje godt for? Kjem kvalitetane godt fram? Korleis er sosial web faktisk brukt? Desse spørsmåla stilte Michael Wesh , antropologiprofessoren frå Canada, seg sjølv då han overtok jobben til den gamle forelesaren sin ved Kansas State Univercity. Han møtte dagens studentar, og samstundes møtte han "skuleveggen". Kvar var fokuset til studentane? Kva heldt dei på med medan han førelas? Han spurde og fekk svar, som han tok tak i!!
Michael Wesch fann ut at samhandling er eit godt grunnlag for kunnskapsbygging, for "we are all connected", på nett er alle likeverdige. Vi veit mykje om potensialet for læring og bygging av kunnskap, og deling av denne, seier han.
Mange elevar/studentar leitar etter meininga med læringa si. Wesh har i si undervisning kome fram til at vi bør hjelpe/lære elevar/studentar å stille dei "rette" spørsmåla - av den typen som oppfordrar til "tenking utanfor boksa". Eigne erfaringar peikar også i den retninga. Kvifor stiller mange elevar oftare spørsmål som går på leveringskrav/-fristar enn på kunnskap? Dersom sosial web er det som skal til for å få dei til å snu, eller koble seg på, så må vi nok fylje straumen.
Wesh seier altså at dagens lærarar må over i ei ny rolle. Vi må slutte å sjå på elevar/studentar som blanke ark som skal fyllast. Vi må istaden styre elevaktiviteten slik at dei vert interesserte i å bruke den sosiale IKT-kompetansen i læringa si også. Læraren bør prøve å vere open for å nytte dette til støtte i tenke-/ læringsarbeidet. Vi må møtast ein stad midt på.
Den britiske sosiologen ved London Knowledge Lab, Neil Selwyn, slukjer ikkje sosial web like rått. Han meiner at det er eit stort gap mellom formell undervisning og aktivitetar på sosial web. Han er m.a. ikkje overbevist om at sosial programvare er nyttigare enn andre læringsverktøy. Han set også spørsmålsteikn ved i kva grad studentar faktisk ynskjer å bruke sosial programvare på den formelle undervisingsarenaen, altså om dei vil blande desse to.
Selwyn hevdar at før vi kan ta dei sosiale læringsverktøya systematisk i bruk må vi revurdere/tilpasse lærarrolla, utdanningsinstitusjonen si rolle, vurderingsformene og pensum, og dette må skje over tid.
Forskar ved SINTEF, Petter Bae Brandtzæg, tek doktorgraden sin på Institutt for Medier og Kommunikasjon ved UiO, og han har funne nokre interessante tal om bruk av nettsamfunn i Noreg, m.a at 53 % av alle nettbrukarar i Noreg frå 15-75 år faktisk brukar nettsamfunn. Tala hans viser at berre 30% av nettsamfunnbrukarane bidreg på nett. (Wikipedia - nettleksikon og Wikispaces er døme på slike nettstader). Dei resterande 70%, brukar nettet (hentar, låner, lyttar, les osv.).
Sosial samhandling og innhaldsdeling på nettet har etterkvart vorte ein naturleg del av kommunikasjonsmønstra våre, i tillegg til nye måtar å skaffe oss informasjon på.
Peter Brandtzæg er, på linje med Selwyn, meir skeptisk til det læringspotensialet som Wesh heilt klart ser ved å ta i bruk sosial web i skulen. Dersom vi skal få folk til å bidra, må vi endre kunnskapsdepartementet og utdanningsdirektoratet sine nettvettreglar (som m.a. oppfordrar til anonymitet), seier Brandtzæg, og hevdar at fullt navn byggjer tillit mellom brukarane. Først når det opne og synlege er akseptert, kan folk sine digitale ferdigheiter takast i bruk og produkt delast, konkluderer han.
Dersom lærarar rundt om i verda skal ta i bruk sosial web i undervisninga, må dei sjølve ha kunnskap om korleis dette verkar, vere brukarar. Først då er dei i stand til å skape positiv og meiningsfulle læringsprosessar/-miljø ved bruk av Web 2.0. Eg trur difor at dette er ei endring som framleis kjem til å ta tid. Kanskje i takt med at dagens brukarar vert morgondagens pedagogar?
Lenkjer:
http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf
http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s
http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04
http://www.itu.no/Nyheter/1224159645.86
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf
http://knol.google.com/k/svend-andreas-horgen/hva-er-web-20/16hdsg0zee5n/4#

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar