2. apr. 2009

Ei god kjensle..

Kva gir ei god kjensle?
Tja...eit smil, ei gåve, eit kompliment, ei glede, ei overrasking, det å gi ei handsrekning, eller rett å slett få ei stadfesting.
Det å få positiv stadfesting på noko, gir iallfall stor personleg utteljing, fordi ein har hatt håp og forventningar over tid...


...slik som at gruppe 3 fekk DETALJERT OG SUPER RESPONS på M3.

...slik som det at siste dag for mellomtrinnet blir annleis og fin:
  • Påskeevangeliet i ord og tonar i Herøykatedralen
  • Påskelunsj m/flust opp av godt pålegg
  • Påskevandring i gymsalen: Veggaviser, tablå og program
...slik som det at nokre eldsjeler har sett, søkt og fått stadfesta at pappa har gjort seg fortent til Kongens Fortenestemedalje i gull (19.april).

...slik som det at dei siste programpostane for 17. maifesten på Bergsøya også fall på plass i kveld.

God natt. Eg skal sove godt, kan du tru!! God påske, forresten :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar