13. mai 2009

Eksamen

Ja, då var det levert - så får det stå til. Eg har iallfall gjort mitt aller beste! Takk for eit lærerikt og givande år. Vi sjåast igjen i 2010 :)

29. apr. 2009

Gjennomgang av nettstadar -> arbeidskrav

Tidleg i veka avtalte Siv-Mette og eg lenkjesjekking. Det var nyttig! Mangt vart oppdaga og retta på. I går fekk eg eit liknande oppdrag av Mona - også dèt var nyttig!
Elles krinsar tankane rundt M3 og då for det meste på om magekjensla skal halde stikk.. Eg har kome fram til kva oppgåver eg skal levere til eksamen - M2 er ei av dei. Kjell har fleire gonger tipsa om at det kan vere like lurt å forklare evt. endringar, som å faktisk å gjennomføre dei. Like etter at vi fekk att M2, retta eg sitatbruken + eit-par småting til som stod i tilbakemeldinga. Resten vil eg fylje Kjell sitt råd på. No har eg oppretta eit utvalsnotat, og kladding pågår.. I morgon avspaserer eg og håper på same fine vèret!!

23. apr. 2009

"Må vere med, berre må vere med" (kvar første helg i juli)!

Sjølv om dette er ein studieblogg, føler eg sterkt for å dele denne med dykk. Han som syng, Roar Kjølv, har komponert melodien og hadde rolla som Møre-Karl dei første 10 åra, og er no tilbake på 3. året som Ragnar herøyhovding.. Han har også, som de høyrer, tapt sitt hjarte til Herøy havland :) Kom, kom...

17. apr. 2009

Animasjon/samling


Litt vanskeleg å vere kreativ under tidspress, men dette var det Linda og eg rakk med I'Dough og legoklossar, IXUS 4.0 og stativ :) Lyden las vi rett i WMM i ein sekvens, så vart bileta lagde på etter kvart som vi spelte oss framover. Tor Arne Wølner si forelesning om portelfølje-/mappemetodikk/animasjon var interessant og eg har igjen lært mykje som eg kan bruke i arbeidet med å hjelpe elevane til å bli digitalt kompetente. Her er lenkje til arbeidsdokumentet vårt.
Torsdagen var responsdag. Elena og eg kom på gruppe og inntok kantinesofaen med pensumsbøker, litt sunt snop og eit konstruktivt sinn. Kanskje var vi ikkje effektive nok, eller kanskje for grundige på M3? Vi brukte iallfall opp tida (fekk ikkje gitt skikkeleg respons på M1 - skumma fort gjennom dei og fortalde kva vi sjølve ville gjort annleis til evt. eksamen). M2 er vi begge delforfattarar av og vi er begge samde om at den er bankers til eksamen!

15. apr. 2009

Skrivehastigheit (høgfrekvente småord)

40 Ord

Speed test




Heilt fri for skrivemaskinkurs denne dama her - sjølvlærd og med krokete fingrar ;)